Vatnahalsen i gamledager

Historie

Planlagt som sanatorium

Vatnahalsen Høyfjellshotell vart opphaveleg bygd som eit sanatorium av lækjar Håkon Philip Fretheim (1853-1924) og Sjur B. Heimdal (1863-1950). Ein mindre bygning i drakestil, som var på moten på den tida, vart oppsett i 1896. Noko sanatoriumdrift blei det aldri, og Sjur Heimdal vart løyst ut or sameiga etter nokre år. Håkon Fretheim dreiv hotellet vidare med leigd styrar. Vatnahalsen hotell vart raskt svært populært, dette var grunna Bergensbaneanlegget som var kome i gang .Folk knytt til administrasjonen og anleggsleiinga nytta hotellet mykje. Den nye anleggsvegen opp Flåmsdalen vart og nytta ein del av reisande. Då Bergensbana var skjenelagt til Myrdal, vart det mote blant velståande bergensarar å ta ein togtur til Myrdal og få seg middag ved Vatnahalsen hotell, før dei drog heim att.

Fyrste hotell med strøm

Då Bergensbana vart opna for ordinær trafikk mellom Bergen og Kristiania seinhausten 1909, auka overnattingane ved hotellet. Etter ombygginga i 1909, fekk hotellet ein kapasitet på 115 senger. Straum fekk dei frå kraftverket i Kjosfossen, som vart bygt i samband med anlegget på Bergensbana. Det var truleg det fyrste hotellet i fylket som fekk innlagd elektrisitet. I 1911 fekk hotellet også rikstelefonstasjon.

Vinterturisme

I 1912 vart hotellet og eigendommen seld til Edvard Holte. Han satsa stort på vinterturisme, og dreiv godt dei fem åra han var eigar. I 1917 vart hotellet igjen selt, no til eit aksjeselskap, A/S Vatnahalsen. Selskapet vart oppløyst i 1927, og Else og Torstein Brun Fretheim kjøpte hotellet. I 1929 vart det selt på tvangsauksjon til Marthe Fretheim, eigar av Fretheim hotell, og overretssaksførar Kristian Tønneberg som skipa aksjeselskapet A/S Vatnahalsen. To år seinare kjøpte Astrid Fretheim, brordotter til Marthe, hans part. Og då Marthe Fretheim døydde i 1933, tok bror hennar Ole over hennar part. Vinteren 1935-36 vart hotellet atter ein gong ombygd og modernisert. Hotellet hadde no 126 rom, av dei var 35 med innlagt varmt og kaldt vatn. Ein kunne no ta i mot 140 gjester, og matsalen kunne romma 170. Under denne ombygginga vart eksteriøret endra, og sveitserstil-preget vart borte.

Brannen

I 1930-åra tok påsketrafikken til å auka, og Vatnahalsen fekk ry på seg som ein god og populær feriestad for påsketuristar. I gjestebøkene våre frå 30-tallet kan me lesa at svenskar, danskar og engelsmenn fant vegen til fjellet både sommar og vinter. Men skiferiane tok slutt då krigen kom. Under krigen vart hotellet okkupert av tyskarane. Den 23. juni 1940 brann hotellet ned til grunnen. Ein har grunn til å tru at det var under ein fest der dei feira ein siger, at dei var uforsiktige med varmen. Det skal ha vore lagra ein del ammunisjon i kjellaren, så det brann godt. Det seies at ein kunne sjå røykjen stiga opp på lang avstand.

Bygge opp att

I 1953 starta oppbygginga av hotellet, og 10. juni 1954 kunne ein på ny opna dørane til Vatnahalsen Høyfjellshotell. Hotellet vart dreve av Guttorm Fretheim fram til 1960. Medan Guttorm Fretheim dreiv Vatnahalsen, starta han sal av ein rundtur med Bergensbana, buss frå Voss via Stalheim til Gudvangen, båt på Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Og til sist Flåmsbana opp til Myrdal. Denne turen er i dag kjend som “Norway in a nutshell”, og er den mest selde rundturen i Noreg.

Auka turiststraum

Etter ein auksjon i 1965 tok restauratør Guttorm Fretheim på Voss, direktør Ludvig Wærness på Dalane, eiendomsmekler Hans Johannessen i Bergen og disponent Kåre Brunborg, Voss over som eigarar av hotellet. Vertskapet var Magnhild og Kåre Hopsland. Turiststraumen auka på ny, og i 1970 kom det eit tilbygg (nye fløyen), samt eit konferanserom (seminaret). Frå 1970 var Arne Kjell Kahrs direktør ved hotellet. Familien Kahrs dreiv hotellet fram til om lag 1979. Eit år tidlegare, i 1978, fekk hotellet sitt eige skitrekk. Dette vart svært populært, og mykje nytta av hotellet sine gjester og av folk nede frå bygda.

Familie Aksnes

I november 1983 tok Kjell Arne og Rigmor Aksnes over som vertskap, og fekk seinare kjøpa Vatnahalsen Høyfjellshotell etter ein konkurs. Dei kom frå Bergen, og busette seg her med borna sine. Som eigarar og vertskap har dei lagt stor vekt på å gje eit breidt tilbod til gjestene sine, og å sikra heilårsdrift av hotellet. Og i 1990, etter 6 år på fjellet, vart Vatnahalsen Høyfjellshotell kåra til den beste servicebedrifta i Noreg, etter ei avstemming på radioen, NRK P2.

Rallarvegen

I fleire tiår har vinteren vore hotellet sin viktigaste sesong, og dette fortsette på 1980-tallet. Om hausten var det kurs -og konferansegjester som gjesta hotellet, og om vinteren nytta skituristane seg av området. Sommarsesongen var i hovudsak prega av dagsturistar, og hovudtyngda av desse var cruise-turistar som kom til Flåm. Frå ca. midten av 1980-tallet, utvikla det seg ein ny turist trend mellom nordmenn. Folk starta å sykla på den gamle anleggsvegen langs Bergensbana. Vegen fekk etterkvart navnet “Rallarvegen”. Utviklinga skaut fart frå berre 200 syklistar i 1989, til over 20 000 syklistar i 1997.

En plass å søka ly

På samme tid som sommartrafikken auka, vart det ein nedgang på gjester vinterstid. Skituristane søkte mot dei store ski anlegga rundt i Noreg der utfordringane var større enn i skibakken vår. Og når bruken av skibakken til hotellet avtok, vart det etterkvart stillstand i skiheisen som kom i 1978. Men sjølv om vintertrafikken avtok, var ikkje det einsbetydane med at det var heilt stille ved hotellet. I år med særdeles mykje snøfall og mykje togstans, har hotellet vore disponibelt for både togpassasjerar og arbeidsfolket som har måtta søkja ly når uværet har stått på som verst. Det er heller ikkje reint få smørbrød som har vorte smurt av eigarar og tilsette på Vatnahalsen, både seint og tidleg.

Jannet & co

Frå 1998 tok Jannet Aksnes, dotter av Kjell Arne og Rigmor, over drifta av hotellet. Ho dreiv hotellet saman med Jorunn Stokseth fram til 2001, då foreldra hennar igjen tok over. Kjell Arne, Rigmor og Jannet eig no Vatnahalsen Høyfjellshotell saman. I 2005 returnerte Jannet, og er i dag dageleg leiar av hotellet. For tida er det 4 heiltids tilsette, inklusiv familien Aksnes, som jobbar ved hotellet. Hovudsesongen er framleis sommaren, med syklistar frå juli og ut september. Cruiseturistane har òg auka, og sesongen her strekkjer seg frå byrjinga av mai til ut i september. Så i den travlaste perioden er me rundt 11 tilsette som jobbar dag og natt for å gjera opphaldet her hjå oss minneverdig.

Stronger

Frå tid til anna har det ikkje vore enkelt å driva hotell på Vatnahalsen. Men sjølv om hotellet sin eksistens har vore trua av både tognedleggjing, transportvanskar av varer og søppel, og høge straumrekningar, så har me gått inn i det 115 året (2011) med hotelldrift. «What doesn’t kill you: makes you stronger!»

Vatna gammelt

Vatna i gamledager

Vatna i gamledager

Vatna i gamledager

Vatna i gamledager

Vatna i gamledager

Vatna i gamledager